Trenger å vere kul
av lillebetta Lagret under: Uncategorized on mai 30th, 2009Det er sånn med mennesker. Me trenger å vere kul.
Eg ser ikkje på meg sjølv om veldig forfengeleg, men i dag så tok eg meg sjølv i å bytte t-skjorte før eg skulle på butikken. Eg tenkte med meg sjølv: “I dag så har alle tatt på seg sommarkle, fine sommarkle, så dei kan reise saman med venner ut i praken. Eg kan ikkje gå i KRIK-t-skjorta mi, for då skiljar eg meg for mykje ut”. Eg trur heilt ærleg ikkje det er så veldig mange som så kva eg hadde på meg og gjorde ei analyse om det var passande å gå på butikken i det antrekket eg hadde.
Eg veit at eg ikkje er aleine. Og det handlar ikkje berre om kle. Berre sjå på deg sjølv, merk deg korleis du snakkar når du snakkar til mor di og korleis du snakkar til bestekompisen din. Det er stor forskjell på ordbruken og korleis ein uttrykker seg med kropspråk og det heile.
No for tida har me om nettopp dette i pedagogikkpsykologien. Korleis me oppførar oss mot andre, og kor stor forskjell det er i talemåten vår. Me trenger å vere kul. Me er livredde for at me ikkje er gode nok. Me er livredde for at dei me snakkar med skal ha eit eller anna i mot oss.
Eg er ikkje så glad i nyttårsforsett, men eg har faktisk no skaffa meg eit sommarforsett : Eg skal bli flinkare til å tenkje at eg er god nok akkurat slik eg er. Eg treng ikkje bruke mykje kreftar på å vere kulare eller enklare å like, for eg er i botn og grunn meg likevel.
